Foto: Peder otto dybvik

Sameiget NØRE Sulafjellet

 post@sulafjellet.no  +47 909 51 566
Sjå kart som syner Sameiget Nøre Sulafjellet (gnr. 94/bnr. 441) sine grenser, slik som dei er fastsette av Sunnmøre Jordskifterett:
Sameiget Nøre Sulafjellet er eit organisert fellesskap/lag mellom grunneigarar på gnr. 74 – 116 i Sula kommune
Skipa ved dom i Sunnmøre Jordskifterett, sak 1510-2003-0009, forkynt 10.3.2008. Sameiget er registrert som tingrettsleg jordsameige i Einingsregisteret i Brønnøysundregistra med organisasjonsnummer 995 784 335.
Sameiget Nøre Sulafjellet sitt føremål
er å forvalte alle ressursane på gnr. 74 – 116 sitt fellesareal i Sulafjellet, i denne samanhengen også det som gjeld fritidsbustader i dette området. Innanfor gnr. 74 – 116 er det om lag 280 eigedomar som gir rett til eigarskap i fellesarealet, som er gitt gnr. 94, bnr. 441 i matrikkelen. Mange av desse eigedomane har fleire eigarar. Som følgje av dette har Sameiget Nøre Sulafjellet tett på 500 medlemer/sameigarar. Medlemskapen i laget er pliktig, og den følgjer eigedomen.
Årsmøtet er Sameiget Nøre Sulafjellet sitt øvste styringsorgan 
Dei einskilde medlemene har ikkje personleg møte- eller stemmerett i årsmøta, men er representerte ved 33 gardsrepresentantar. Desse blir valde for 4 år om gongen. Mellom årsmøta blir laget leia av eit styre på 5 medlemer, med personlege varamedlemer.
Sameiget Nøre Sulafjellet forvaltar eit areal på meir enn 10 000 mål på Sulafjellet
Det er registrert mellom 50 og 60 festepunkt for hytter/fritidsbustader innanfor det arealet som Sameiget forvaltar. Dei fleste av desse ligg i eit område nordvest for Molværsvatnet. Sameiget Nøre Sulafjellet grensar mot Sameiget Sørvestre Sulafjellet og Sameiget Søraustre Sulafjellet.
Sameiget Nøre Sulafjellet  |  Postboks 266  |  6039 LANGEVÅG    
Nettsida er drifta av