Foto: Peder otto dybvik

Sameiget NØRE Sulafjellet

 post@sulafjellet.no  +47 909 51 566
RULLERING AV AREALPLANEN
Som meldt tidlegare har styret sett utviding av reguleringsplanen for hytteområdet på vent. Styret er gjort kjent med at Sula kommune skal ta til med arbeidet med rullering av Arealplanen. I samband med dette har Sameiget Nøre Sulafjellet (SNS) no levert eit Planinitiativ som sitt innspel til rulleringa. Forslaget viser ei utviding av gjeldande Arealplan tilsvarande styret sitt tidlegare forslag til utviding av reguleringsplanen for hytteområdet. Korleis dette arealet skal brukast til i detalj, vil SNS ta stilling til når den nye Arealplanen for Sula kommune ligg føre.
HENGEKØYER PÅ SULAFJELLET
Styret har godkjent at tre organisasjonar får setje opp feste for hengekøyer på Sameiget Nøre Sulafjellet sin eigedom. Sula Turlag har søkt om å få setje opp feste for hengekøyer på Svanshornet og ved Molværsvatnet. Vonløypa i samarbeid med Sula jeger- og fiskeforening vil etablere "hengekøyepark" i nærleiken av Blåfjell.
Rettar og plikter i samband med tiltaka blir fastsett i avtale mellom partane.
ÅRSMØTET 2021
På grunn av coronarestriksjonane blei det ikkje halde årsmøte i 2020. Styret vona at det skulle late seg gjere å halde årsmøte både for 2020 og 2021 i april i år, men då blei alt nedstengt igjen. No har styret vedtatt ny årsmøtedato: Onsdag 25. august 2021.
Årsmøtedokumenta for 2020 blei lagt ut 1.5.2020. Årsmøtedokumenta for 2021 blir tilgjengelege så snart dei er godkjende av styret.
Utviding av reguleringsplanen
Då dei nye festepunkta blei lyst ledige, viste det seg at det var stor interesse for å få seg hytte på Sulafjellet. Derfor har styret tatt initiativ til å utvide reguleringsplanen. Ose AS ved Bjarte Friis Friisvold har levert eit forslag som styret vil sende til Sula kommune med det første. Det er ikkje avklart om ei eventuell utviding må vente til neste rullering av Sula kommune sin arealplan, eller om den kan avgjerast som ei enkel grensejustering uavhengig av andre planprosessar.

Det blei halde oppstartsmøte med Sula kommune 21. april. I første omgang låg det an til at utviding av reguleringsplanen skulle bli ei enkel sak. Men etter møtet kom det melding om at Statsforvaltaren kom til å krevje m.a. full konsekvensutgreiing. Dermed blir arbeidet meir omfattande og kostnadskrevjande. I møte 16. juni2021 vedtok derfor styret å utsette prosjektet inntil vidare.
Tildeling av festepunkt
Den godkjende Reguleringsplanen for hytteområde Nøre Sulafjellet legg opp til å kunne bygge hytter på 15 nye festepunkt. Etter utlysing mottok Sameiget Nøre Sulafjellet 20 søknader. Styret har behandla søknadene i to styremøte. Tildelinga blei avgjort ved loddtrekning.
Prosessen vidare inneber at festepunkta skal endeleg godkjennast, oppmålast, tinglysast og innførast i matrikkelen. Deretter blir det skrive avtale med kva einskild festar. Styret har fått signal om at fleire av dei som har fått tildelt festepunkt ønskjer å kome i gang med å bygge hytte i sommar, men Sula kommune vil ikke gi byggeløyve til nye hytter før eit rekkefølgjekrav i reguleringsplanen er innfridd. Dette gjeld spørsmål om avlaup og vassforsyning. Styret ventar no på at Sula kommunen skal kome med ei nærare presisering og avklaring av kva kravet skal omfatte.
Reguleringsplanen for hytteområdet
Planen blei forsinka med fleire månader fordi statsforvaltaren ville ha synfaring på vårparten 2020. Men så kom det eit uventa snøfall som resulterte i at synfaringa blei utsett til hausten. Etter synfaringa hadde statsforvaltaren ikkje merknaderPlanen blei godkjend av Sula kommunestyre i november 2020.
På grunn av koronarestriksjonane kunne vi ikkje halde årsmøte som planlagt 22. april 2020. Styret vil fastsette ein ny dato så snart situasjonen er avklart. Årsmøtedokumenta (med unntak av rekneskapen) er tilgjengelege på denne sida.
Reguleringsplan for hytteområdet
Dei to siste åra har styret arbeidd mykje med eit forslag til reguleringsplan for hytteområdet. Planen omfattar det området som i Sula kommune sin arealplan er sett av til føremålet. Ingeniørfirmaet Ose AS med Bjarte Friis Friisvold som utførande planlegger har fått oppdraget. For å sikre at det ikkje blir planlagt nye hytter i skredfarleg område, blei det også naudsynt å innhente ein skredrapport frå Sunnfjord Geo Center. Etter at det første utkastet til reguleringsplan blei lagt ut til offentleg ettersyn, er det kome innspel og motsegner frå fleire instansar. Etter ein ny gjennomgang er forslaget til reguleringsplan no oversendt til Sula kommune. Det er von om endeleg vedtak i kommunale organ før sommaren.
I det forslaget som no ligg føre, er det lagt opp til at det kan byggast inntil 15 nye hytter innanfor planområdet.
Sameiget Nøre Sulafjellet  |  Postboks 266  |  6039 LANGEVÅG    
Nettsida er drifta av